You are on page 1of 6

Astronomi @ Erfjord skule

Astronomiprosjektet
ved
Erfjord Skule

i
Erfjord
Suldal kommune
Rogaland
Noreg
Europa
Jorda

Bild: earthobservatory.nasa.gov
Astronomi @ Erfjord Skule

Med prosjektet vårt ønskjer vi å vise at vi kan gjere store


ting òg på ein liten skule, som Erfjord skule! Alt vi treng er
ein oppglødd gjeng elevar, ein dyktig lærar og litt kreativi-
tet og resultatet blir veldig bra. Det er mange skular i No-
reg, akkurat som det er mange asteroidar i solsystemet,
men det er berre ein Erfjord skule og vi meinar at vi forte-
ner å ha ein asteroide oppkalla etter oss! Erfjord Skule

Kven er vi?
Vi er 8. og 10. klasse frå Erfjord skule, 11 elevar totalt, som arbeidar med 8. klasse pen-
sum dette året. Linda Liem er naturfaglæraren. Ho flytta frå Nederland til Noreg i fjor og
er utdanna som biomedisinsk forskar og trenar, men har òg ei stor interesse og kunnskap i
naturvitskap i det heile.

Kva gjorde vi?


Linda brukte astronomiåret til
å gjere eit spesielt astronomi-
prosjekt med elevane. Dette
prosjektet vara fram frå haus-
ten til litt etter juleferien.
Kjernen av prosjektet er utvik-
linga av vår eiga nettside, ast-
ronomi.erfjord.net, til å lære
mest muleg om astronomi og til
å kunne formidle det til andre Nettsida vår

interesserte. I tillegg brukte Linda presentasjonar, videoar, aktivitetar og andre former av


aktiv undervisning til å stimulere og auke interesse hos elevane for universet.

Undervisning
Føremålet med prosjektet var å gjere elevane nyfikne på verdsrommet og oppmuntre dei
til å granske universet sjølvstendig. Undervisninga bestod blant anna av innføring i forskjel-
lige emner ved hjelp av Powerpoint-presentasjonar, skriftleg bakgrunnslesing av heftet
”Vårt fantastiske univers”, videoar (særleg 15th Anniversary video av Hubble Space Te-
lescope), diskusjonar, aktivitetar, observering og ikkje minst sjølvstendig utvikling av nett-

1
sida. Elevane fann fleire lenkjer til pålitelege astro-
nominettsider på skulenettsida, og alle astronomibø-
kene på kommunebiblioteket lånte vi og hadde på
klasserommet.

Vi innbaud Svein Imsland frå Stavanger Astronomiske


Forening til å halde eit foredrag på skulen, og det var
veldig kjekt og fengslande. Elevane formidla også til
kvarandre kva dei hadde skrive på nettsida vår. Astronomibibliotek

Nettsida
Vi valde å utvikle ei nettside, fordi
den enkelt er tilgjengeleg for alle
som er interesserte og har lyst til å
følgje med. Før prosjektet starta,
var det ingen elevar som hadde ein
eigen blogg eller nettside, så dei var
veldig interesserte i å lære meir om
det.

Vi brukte Wordpress til å lage astro-


nominettsida vår, sidan det er eit Foredrag av Svein Imsland (SAF)
enkelt bloggprogram for fleire for-
fattarar. Elevane valde sjølve kva dei ynskte å skrive om. Så skreiv og publiserte dei teks-
tane og bileta, og dei gjorde mesteparten sjølve. Dermed utvikla dei også dei digitale dug-
leikane i tillegg til astronomikunnskapane.

Aktivitetar
Vi lærte ikkje berre ved lesing av tekstar om univer-
set, men utførte også ulike aktivitetar for å forstå
verdsrommet betre! Fleire av aktivitetane finst på
internett, og i tillegg brukte vi nokre aktivitetar som
var spesielt utvikla til astronomiåret 2009 av The Jet
Propulsion Laboratory (http://nightsky.jpl.nasa.gov)
i samarbeid med The Astronomical Society of the
Pacific (www.astrosociety.org).
Modell av sola, jorda og månen

2
Storleikar og avstandar i solsystemet
Kjelder: http://cse.ssl.berkeley.edu/AtHomeAstronomy/activity_10.html
http://nightsky.jpl.nasa.gov/download-view.cfm?Doc_ID=392

Først brukte vi modellar av planetane for å sjå på


ulikskapen i storleik mellom dei. Vi såg at stein-
planetane var veldig små i forhold til gassplane-
tane, og at sola ikkje passa på papir.

Forhold i størrelse av nokre planetar

Etterpå brukte vi ein rull toalettpapir for å undersøkje av-


standar mellom planetane. Vi såg at avstandane mellom dei
fire steinplanetane var liten (Merkur 2 ark, Venus 3,5 ark,
Jorda 5 ark og Mars 7,5 ark) i forhold til næraste gasspla-
net, Jupiter (26 ark). Det var ikkje enkelt å telje toalettpa-
pirark vidare, sidan vi treng 150 ark til Neptun og 196,5 ark
til Pluto. Dessutan var ikkje rullen lang nok!

Toalettpapirsolsystemet

Vi brukte også lange, smale strimlar av bokbind for


å lage eit lommesolsystem, slik at det vart enklare
å sjå avstanden mellom planetane. Her kan vi finne
avstandar mellom planetane utan bruk av linja,
berre ved å brette strimmelen.

Lysfart, lysår og romreiser


Lommesolsystemet
Avstandane i verdsrommet er veldig store, så store at
vi treng spesielle måleeiningar. Vi snakka om den astronomiske eininga (AE) og lysår, og
jamførte desse med farten til forskjellige køyretøy, slik som bil, fly, romferje og Voyager
1, det raskaste interstellare, menneskeskapte objektet, med ein fart på om lag 60 000
km/t. Deretter begynte vi med lysfarten (300.000 km/s eller eit lyssekund) og rekna ut kor
mange km eit lysminutt, ein lystime, ein lysdag og eit lysår utgjer. No var det meir forståe-
leg kva astronomiske avstandar eigentleg betyr! Det vart òg klart at det er heilt umogeleg
å reise til næraste stjerne innan eit menneskeliv.

3
Månefasar og måneformørking
For å utforske månefasar og måneformørking, treng vi ei lyskjelde (for eksempel ei lomme-
lykt), ein fotball og tre elevar. Ein elev er sola og lyser med lommelykta mot dei andre to
elevane. Elev nummer to er jorda og står eit stykke frå sola. Den tredje eleven har fotbal-
len i hendene og er månen. Månen blir lyst på av sola og går rundt jorda. Eleven som er
jorda kan observere kva som skjer med månen. Aktiviteten viser også korleis måneformør-
kinga blir til.

Simulasjon av månefaser

Galileoskop
Skulen fekk fleire Galileoskop. Vi monterte nokre Galileoskop
i lag, så elevane kunne sjå korleis eit einkelt teleskop er opp-
bygd. Vi prøvde ut teleskopet ein gong på dagtid, og elevane
såg sjølve at biletet var snudd på hovudet.
Galileoskop

Stjernekveldar
Vi fekk ha to stjernekveldar (”star parties”).
Første stjernekvelden var det fullmånen og
kunne vi studere månen. Elevane laga ei enkel
stjernehjul frå www.naturfag.no og vi brukte
Stellarium programmet for å kunne rette oss på
stjernehimmelen. Vi leita etter stjernebilete og
fant oransje superkjempestjerna Aldebaran. Vi
merka at det var vanskeleg å fokusere Gali-
leoskop og derfor vart det ikkje brukt.
Star party

4
Andre stjernekvelden var det nymånen og kunne vi sjå på fleire
”deep space” objekt. Vi brukte eit Meade ETX-70 teleskop for å ut-
forske bl.a. ulike stjerner og dobbeltstjerner, stjernehopa Pleiadane
og Andromedagalaksen. Dessverre var det ikkje muleg å sjå Jupiter
på grunn av fjella.

Meade teleskop

Kva seier elevane?


Det har vore kjekt å ha om astronomi. Det var spesielt kjekt å lære om solsystemet vårt
og planetane. Det har og vore veldig interessant å jobbe med dette temaet. Eg har lært
mykje om astronomi som eg ikkje visste frå før.

Eg synes prosjektet har vore lærerikt. Det har vore litt vanskeleg å finne all den fakta me
treng. Me har skrive mange små tekstar om ulike planetar, stjerner, galaksar og satellit-
tar.

Eg syntes det var kjekt å læra om astronomi. Det var annerledes å se stjerner i teleskop.

Eg synes at det har vore kjekt og litt vanskeleg. Me har skreve mange små tekstar på hei-
mesida vår: http://astronomi.erfjord.net. Me har skreve om planetar, galaksar og for-
skjellige teleskop. Vi har lært om planetar, men eg synes at det er litt vanskeleg å huske
kva rekkefølgje alle planetane er i. Eg synes at Linda har vore ein flink lærer og har
hjelpt oss med det vi ikkje forstår. Me har gjort nokon eksperiment med ulike stoff.

Eg synes at det har vore spennandes men også litt utfordrande, men de har vor kjekt. Det
var ganske interessant å sjå på stjernene.

Eg syns det var kjekt å lære om galaksar, planetar. Det har vore spennenes.

Til slutt
Det er klart at elevane er oppglødde over prosjektet og at dei har fått ei betre forståing av
og aukande merksemd kring astronomi. Dessutan engasjerar dei andre i nærmiljøet sitt, og
det er kjempekjekt å sjå og høyre!

You might also like